Bjørnafjorden i gang med digital heimeteneste
I september starta Bjørnafjorden kommune opp digital heimeteneste som ein del av det ordinære tilbodet i heimetenestene. Målet er å gi innbyggjarane trygg og målretta oppfølging, samtidig som dei får høve til å meistre meir sjølve.
Tenesta blir gitt på dagtid på kvardagar, der tilsette kan ringe opp brukarar via skjerm. Ho kan mellom anna nyttast til rettleiing og observasjon ved medisinering, ernæring og andre daglege gjeremål. For nokre vil digitale besøk erstatte enkelte fysiske besøk, medan andre vil få ein kombinasjon av digitale og fysiske tenester. Kva som er riktig, blir vurdert ut frå behov og føresetnader hos den enkelte.
Kan frigjere tid til dei som treng fysisk oppfølging
Når enkelte oppgåver kan løysast digitalt, kan helsepersonell bruke mindre tid på transport og meir tid på oppgåver som krev fysisk nærvær. Samtidig kan digitale besøk gi brukaren tett oppfølging utan at helsepersonell treng å vere fysisk til stades.
Byggjer på erfaring og forsking
Bjørnafjorden har henta kunnskap og erfaringar frå kommunar som Tønsberg og Nordre Follo for å komme i gang. Dei viser også til erfaringar og forsking frå Sverige og Finland som ein del av kunnskapsgrunnlaget for satsinga. Kunnskapskommunen jobbar no med å prøve å kople forskingsaktivitetar til satsinga i Bjørnafjorden.
Digital heimeteneste er ein del av Bjørnafjorden kommune sitt arbeid med å dimensjonere heimetenestene for framtida. Erfaringane frå innføringa vil gi kommunen meir kunnskap om kva oppgåver som eignar seg for digital oppfølging, og korleis teknologi kan takast i bruk på ein måte som støttar både kvalitet, sjølvstende og berekraftige tenester.
Vil du vite meir om korleis Bjørnafjorden har gått fram og korleis løysinga fungerer?
🔗 Les om digital heimeteneste hos Bjørnafjorden kommune
🔗 Les Bjørnafjorden kommune si sak om satsinga
📺 Sjå innslaget i NRK Vestlandsrevyen
