
Mandag 11. mai var det oppstart i Stimulab-prosjekt med FHI – og her er gjengen frå kommunane Sunnfjord, Bergen og Lillestrøm samla med KSF, FHI og Stimulab.
Stimulab er ei nasjonal ordning som støttar innovasjon i offentleg sektor. Gjennom økonomisk støtte og tverrfagleg rettleiing hjelper Stimulab statlege og kommunale verksemder med å utforske komplekse utfordringar som krev samarbeid på tvers av sektorar og fagområde. Målet er å utvikle betre og meir brukarretta tenester og meir effektiv forvaltning.
No er det klart at både klyngene Kunnskapskommunen Helse Omsorg Vest og KSF Sogn og Fjordane, med motorkommunene Bergen og Sunnfjord, får høve til å delta i Stimulab-prosjektet «Kunnskapskraft – beslutningsstøtte til norske kommuner», som er eitt av to prosjekt valde ut til Stimulab 2026. Prosjektet blir leia av Folkehelseinstituttet.
Målet med prosjektet er å utforske korleis kommunane kan få betre tilgang til kunnskap og beslutningsstøtte når dei skal planleggje, prioritere og utvikle tenester. Gjennom prosjektet skal partane undersøkje korleis eit framtidig kunnskaps- og beslutningsstøttesystem kan utformast slik at kommunane enklare kan ta gode og kunnskapsbaserte val til beste for innbyggjarane.
Deltakinga gir Bergen og Sunnfjord høve til å vere med på å utvikle nye arbeidsmåtar og løysingar som kan styrkje kunnskapsgrunnlaget for kommunale avgjerder og bidra til meir berekraftige og treffsikre tenester i framtida.